Det er Infonett Røros som har investert nærare 4,5 millionar kroner på fiberutbygginga på Raudeberg. Nærare 200 husstandar har kopla seg på, enten ved berre breiband, berre TV eller begge deler.

– Heile nettet var lagt i rør og tida var moden for anten oppgradering eller nedlegging. Infonett tok over nettet for snart to år sidan, og fann fort ut at i staden for å oppgradere nettet, så blei løysinga å skifte det ut med eit reint fibernett.