Dagleg leiar Jorunn Melsether på Måløy Hotell seier dei hadde eit belegg på 47 prosent i 2016, mot 40–43 prosent dei føregåande åra.

Torget Hotell auka på si side omsetnaden med 30 prosent frå året før. Hovudårsaka er kontrakt med firmaet som byggjer ny ungdomsskule – Skanska. Frå måndag til torsdag kvar veke leiger Skanska heile hotellet, ei kontrakt som byrja i mars i fjor. Hotellet har 17 rom.

Begge hotella rapporterer om plusstal.

– Vi driv også motell på Måløy Servicesenter der vi har arbeidarar og fullt hus. Men det er ikkje fullt resten av veka, då er det god plass, seier dagleg leiar Vidar Hagen i Vest Industrivask som driftar Torget Hotell.

– Det ser ut til at vi kjem ut i pluss, men her er likevel plass til fleire overnattingsgjester. Det er knapt turistar her om vinteren. Det er næringsverksemd og det som skjer av aktivitetar vi lever av. Om sommaren er det mykje av det vi kallar «walk ins», turistar som kjem på døra, eller dei tingar gjennom ulike hotelltenester på nett, fortel Melsether.

– Det er ikkje til å legge skjul på at det er beintøft å drive hotell i Måløy. Dei føregåande åra har vi vore avhengige av bidrag frå konsernet som eig oss, Norlandia Hotel Group, seier ho.

Melsether seier det er vanskeleg å peike på ei spesiell årsak til at 2016 var betre enn dei føregåande åra for hotellet med 49 rom.

– Vi har hatt ein del overnattingar som følgje av Mehuken-utbygginga på Kvalheimsfjellet. Også leilegheitsbygging på Bryggen har skapt trafikk. Det er skipsverfta, vindmølleparken og fiskeindustrien som held liv i hotellet om vinteren med spesialarbeidarar innom for kortare periodar. Og er det eit turnstemne, merkar vi det.

– Drifta er heilt endra samanlikna med nokre år tilbake då det var fiskebuder med eigne administrasjonar i heile sentrum. Det kunne vere kø til nattklubben Martine langt ut i gata. No har vi ikkje aktivitet i nattklubben, og med unntak av frukostservering er ikkje kjøkenet i drift, seier Melsether.

I samband med EM i havfiske i sommar er hotellet imidlertid fulltinga.

Eit viktig overnattingstilbod er no også borte i nabokommunen som følgje av brannen på Selje Hotell.

– Det kan vere at det vil føre til auka trafikk hjå oss sidan vi bli næraste tilbod, men det står att å sjå.