– Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane er utruleg stolte og glade for at alle ordførarane i Sogn og Fjordane har teke utfordringa med å gjennomføre programmet «Vårt lokalsamfunn» på skulane i eigne kommunar. Det står det respekt av. Dette er eit kjempeflott høve å bli kjent med skulane og den oppveksande generasjon i eigen kommune. Vi kan love at dette blir ei kjekk og fin oppleving for begge partar, heiter det i ei pressemelding.

Fredag 31. mars er ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy klar for første gjennomføring i Nordfjord på Skavøypoll skule.

I ingen andre fylke i landet har ordførarane teke denne utfordringa samla.

– Utfordringa har vorte motteken med stor entusiasme og åtgaum frå ordførarane i fylket. Dei fleste nøyer seg ikkje med ein skule, men vil ta alle skulane i eigne kommune, og mange tek med 5 klassingane sine i same slengen.

Vårt lokalsamfunn er retta mot 4.–5. trinn. Programmet gjev elevane innsikt i korleis lokalt arbeids- og næringsliv er viktig for deira kvardag. Det styrkjer også deira lokale identitet og viser korleis dei sjølv kan bidra til å påverke utviklinga i sitt eige lokalmiljø.

Vårt lokalsamfunn vert gjennomført av ein ekstern rettleiar frå lokalt arbeids- og næringsliv, som gjennomfører programmet i fem arbeidsøkter à ein time. I dette tilfellet av ordførarane i fylket.

Elevane får innsikt i og rom til å reflektere rundt:

• kva eit lokalsamfunn er

• korleis ein tek  demokratiske avgjerder

• kva eit lokalsamfunn treng for at alle skal ha eit godt liv

• verdien av gode offentlege tenester

• kvifor vi betalar skatt

• korleis pengar sirkulerer i eit lokalsamfunn

Heile programmet er basert på elevaktivitet, diskusjon og refleksjon. Ressursmateriellet omfattar rettleiarhefte, materiell til gjennomføring av øktene og ei arbeidsbok til kvar elev.