I en pressemelding skriver regjeringen følgende om Stad skipstunnel:

–  Stad skipstunnel blir endeleg bygd. Tunnelen er eit viktig prosjekt på vestlandskysten, som vil vere verdifullt for den kystgåande delen av skipsfarten og næringslivet regionalt. No sørger regjeringa for ei sikrare, meir føreseieleg passering av det farlegaste og mest vêrharde havstykket langs norskekysten for godstransport. Det vil òg legge til rette for etablering av ei ny hurtigbåtrute og overføring av gods frå land- til sjøtransport, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Ein skipstunnel har vore etterspurd lokalt i mange år. Fleire utredningar er gjennomført. No ligg tunnelen inne med finansiering allereie i første seksårsperiode av Nasjonal transportplan 2018-2029.

- Vi er glade for at skipstunnelen no blir ein realitet. Den vil føye Vestlandet saman til ein heilskapleg region langs sjøvegen. Vi legg òg til rette for at hurtigbåttilbodet utvides heile vegen frå Bergen til Ålesund og at reisetida blir forkorta, seier Solvik-Olsen.

Det er gjennomført Konseptvalutgreiing (KVU) og ekstern kvalitetssikring av to alternativ – liten og stor tunnel. Prosjektet er planlagd vidare med utgangspunkt i stor tunnel. Tunnelen blir 1700 meter lang, 50 meter frå botn til tunneltak og 36 meter brei. Tunnelen er planlagd utbygd gjennom Stad-halvøya, mellom inst i Moldefjorden og Kjødepollen i Vanylvsfjorden, sør i Selje kommune.

Prosjektet er berekna å koste om lag 2,7 milliardar kroner og er venta å ta 3-4 år å ferdigstille.