Laetitia Pipaluk Eleonora Rosing tek utfordringa anten ho går verdas tøffaste langrennsløp eller ho skal gjere jobben sin i eit mannsdominert arbeidsmiljø.

– Mi mor har alltid sagt at frå eg var fødd og eg var liten, så måtte eg kjempe for livets rett. Eg har kanskje blitt tøff på den måten, seier Laetitia Pipaluk Eleonora Rosing (41).

I år passa det endeleg å gjennomføre styrkeprøven Arctic Circle Race, omtalt som verdas tøffaste langrennsløp. I 2000 måtte ho avlyse grunna sjukdom.

– Det er ein draum for meg dette, eg har ville gjort dette i så mange år, men så har det vore tre barnefødslar, og alt skal passe inn. No passa det, og det var herleg, fortel Rosing.

41-åringen kjem frå Grønland, men er busett på Kvalheim i Vågsøy. Nyleg gjekk ho det 160 km lange løpet som går over tre dagar, i 25 minusgrader.

– Noko av det villaste eg har gjort

Deltakarane gjekk fem mil på ski kvar dag, og sov i telt om natta der temperaturen kom ned i 35 minus.

– Det var heilt forferdeleg og noko av det villaste eg har gjort, seier Rosing, og legg til at det var ei kjempeoppleving.

På den første dagen fekk Rosing betennelse i skuldra.

Ei utfordring med det 160 km lange løpet er temperaturen, som kom ned i 25 minusgrader på dagen, og minus 35 på nattetid.

– Eg måtte gi meg på 26 kilometer, for eg klarte ikkje bruke skuldra skikkeleg. Dagen etter tok eg smertestillande og tenkte å gå ein kortare distanse på 3 mil. Men då eg skulle dreie av ved 100 km, så tenkte eg at «eg prøver, det får bere eller breste», og eg kom i mål etter 52 km. Eg gjekk eit godt løp.

Søndagen blei den beste dagen, då gjekk ho dei resterande 52 kilometrane. At det gjekk så bra, kan Rosing takke dei mange åra som aktiv langrennsløpar.

– Eg var faktisk ganske dårleg førebudd, for det har vore lite snø i år. Men eg flyt veldig på at eg har gått så mykje på ski opp gjennom åra. Eg har teknikken inne, eg kan å gå «billig» og ikkje bruke så mykje energi. Det er gamal trening som kjem til nytte, smiler ho.

Det mentale er viktig i eit slikt løp.

– Eg har vore med i femdagars løp, og der ein kjem i situasjonar der ein ikkje klarar ein meter lenger, men så klarar ein å motivere seg sjølv til å gå vidare. Det er hardt mentalt, men ein må jobbe med seg sjølv. Og ikkje minst disponere løpet godt, seier 41-åringen.

Ho har alltid likt å utfordre seg sjølv.

Einaste kvinne

Rosing tek imot utfordringar med opne armar, også i jobbsamanheng. I 2015 starta ho sitt eige selskap, Amaroq, og er gjennom dette utleigd som prosjektleiar til marknadsføringsprosjektet til den maritime klynga Måløy Maritime Group (MMG). Der er ho ofte einaste kvinne blant mange menn, men akkurat det ser ho ikkje på som ei utfordring.

Som prosjektleiar i MMG er Rosing ofte einaste kvinne blant menn. Her med representantar for gruppa.

– Sjølvsagt registrerer eg at eg til dømes er den einaste kvinna på bilde av gruppa. Eg er stort sett einaste kvinne når vi er ute med MMG. Eg ser jo at miljøet, verftsmiljøet og den maritime industrien, er ekstremt mannsdominert. Det er få kvinner i forhold til menn. Som prosjektleiar og kvinne, så må eg seie at eg trivst veldig godt med å jobbe med menn. Det er veldig kjekt, dei er ofte litt enklare enn kvinner. Forstå meg rett, dei kan vere meir direkte. Ein kan seie ting meir direkte til ein mann, utan at han tek seg nær av det, seier ho.

Rosing har ikkje møtt på problem i jobbsamanheng fordi ho er kvinne.

– Eg synest det har gått relativt problemfritt. Eg får ikkje særbehandling, og det vil eg heller ikkje ha. Vi er kollegaer og arbeider saman, eg forventar ikkje at nokon skal behandle meg annleis fordi eg er kvinne.

Prosjektleiaren ser likevel på det som ein fordel med både kvinner og menn på ein arbeidsplass.

– Eg prøver å få kvinner inn i prosjektgruppa. Eg trur bestemt på at det er sunt for miljøet å ha begge kjønn representert, ein får inn andre perspektiv.

Likestilt

Reportasjeserie som blei starta i Fjordenes Tidende i mars. Den vil bli vidareført med fleire reportasjar og nyhendesaker i tida framover. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.