Steikte nudlar er ein superenkel wokrett som passar både til matglade tenåringar, studentar og travle familiar. Kva grønsaker du vel å ha i woken, kan det ein har i kjøleskapet avgjere. Pass berre på å lage nok, for dette er veldig godt!

Dette treng du:

750 g kyllingfilet

700 g tørka eggenudlar

2 raudløk

5 vårløk

10 babymais

2 raude paprika

1 raud chili

3 ss. mørk soyasaus

5 ss. østerssaus

5 ts. soyasaus

5 ts. sherryeddik

5 ts. sesamolje

Skjær kyllingfilet i strimlar. Kutt raudløk, babymais og raud paprika i strimlar. Vårløk kuttast i tjukke ringar og chili i små bitar.

Kok opp ein kjele vatn og tilsett nudlane. Kok i eit minutt og hell nudlane over i dørslag og skyll dei i kaldt vatn.

Varm opp ei wokpanne, eller ei stor steikepanne, med 1 ss soyaolje og fres kylling- strimlane i ca. 2 minutt medan du rører. Ta kyllingkjøttet ut av wokpanna og legg det til side.

Gjer wokpanna rein og varm opp igjen med 1 ss soyaolje. Fres grønsakene, ha i dei ferdig kokte nudlane og fres i 30 sekund. Tilsett resten av ingrediensane, unntatt sherry og sesamolje. Wok i eitt minutt til. Tilsett sherry og sesamolje og wok vidare i ytterlegare 30 sekund. Smak til med salt og pepar. Klar til servering!