– Eg skal vere så ærleg å seie at for min del handlar det mest om privatøkonomi. Då eg fekk jobb på Eid i 2014, såg eg at det ville bli mykje køyring, og eg bestemte meg for å kjøpe elbil. Det eg merkar mest, er at eg slepp kostnaden med å fylle tanken, seier mannen som opphavleg er frå Raudeberg.

Han har ikkje finrekna på økonomien i prosjektet, men trur han måtte fylt ein tank bensin eller diesel kvar veke. Då snakkar vi 600–700 kroner i veka. No ladar han i det daglege bilen i ei vanleg stikkontakt i garasjen kvar natt, utan at han merkar store utslag på straumrekninga. Årsavgifta på ein elbil er 455 kroner mot 2.820 for ein dieselbil. Det er også pengar å spare på ferjebilletten, men Bjarte påpeikar at elbilførar også betaler på ferja.

– Eg skal vere så ærleg å seie at det var driftsøkonomi som gjorde at eg kjøpte elbil, ikkje klimaomsyn, seier Bjarte Gangeskar.

– Eg betaler passasjerbillett. Med ferjekort er det 10–12 kroner å spare kvar veg når eg køyrer elbil. Eg får av og til høyre at dei som køyrer diesel- og bensinbilar subsidierer meg som køyrer elbil. Det er tull.

Han trur 20.000 i årleg innsparing er eit bra anslag. Men det er eit uvissemoment i elbiløkonomien som ingen heilt veit svaret på – bruktbilverdi.

– Det kjem stadig nye elbilmodellar med lengre rekkevidde. Klart det kan påverke verdien på min bil. Samstundes verkar bilen å vere veldig driftssikker. Det har ikkje vore noko som helst tekniske feil, og serviceutgiftene er ikkje avskrekkande.

Han har registrert motførestillingane mot elbilar, som at batteriet gjer at dei eigentleg ikkje er så miljøvennlege, og at dei går på kolkraft sidan straumnettet heng saman.

– Eg har for lite kunnskap til å meine så mykje om det. Men eg tenkjer slik at dersom vi ynskjer å teste ut elbilar som eit utsleppsfritt alternativ til bensin- og diesel, så må nokon gjere det. Bilane vi brukar dannar grunnlaget for betre modellar.

Har køyrt 57.000 km

Gangeskar har køyrt 57.000 kilometer med sin Nissan Leaf sidan han kjøpte han ny i oktober 2014.

– Erfaringane så langt er at til mitt bruk passar det veldig bra. Med oppgjeven rekkevidde på 190 kilometer, reelt kanskje 15 mil køyring, har eg nok energi til både jobbpendling og småkøyring på ungar etterpå. Eg nøler ikkje med å anbefale elbilpendling til andre, dersom omstenda høver. Du må vite at du har ein bil med energi til å kome deg greitt til og frå, også om vinteren når rekkevidda går noko ned. Og det kan vere greitt å ha tilgang på ein bensin- eller dieselbil om du skal køyre langt. Eit stikkord kan vere elbil som bil nummer to.

– Overraskande god å køyre

Det eksisterer ein del mytar om elbilar, til dømes at du kan bli ståande med tomt batteri i 20 minus, og at det er små blikkboksar med dårleg køyrekomfort.

– Det med køyrekomforten kan eg avkrefte. Eg trur alle som har sett seg inn i denne bilen er overraska over kor god han er å køyre. Dei fleste tilbakemeldingane er at «det er akkurat som å sitje i ein vanleg bil». Når det gjeld frykt for kulde, handlar det om å ta omsyn til kvar du skal bruke bilen. Det har vore episodar der eg har kjent på rekkeviddeangsten, men etter kvart som du lærer bilen å kjenne, tek du dei omsyna du må. Sjølv har eg aldri opplevd å gå tom for batteri, og eg har sagt at dersom eg gjer det, kjem eg aldri til å innrømme det!

6142 ferjepasseringar

Lote-Anda er ferjestrekninga med klart flest elbilpasseringar i Nordfjord – 6142 i 2016

Ferjestrekninga Lote-Anda hadde over 6000 elbilpasseringar i fjor. Bjarte Gangeskar stod for ein del av dei.

Elbilpendlar Bjarte Gangeskar frå Reed registrerer stadig fleire elbilpendlarar begge vegar.

– Eg har opplevd fleire gongar at folk kjem til meg og vil høyre erfaringane mine, så ser eg etterpå at dei også har kjøpt seg elbil, seier han.

Statistikk frå ferjedatabanken viser at medan 6142 elbilar passerte på Lote-Anda i fjor, var talet på Måløy-Oldeide 292 og Stårheim-Isane 877 elbilar. Til samanlikning passerte 399.531 andre bilar i kategorien 5-6 meter på Lote-Anda.

Eit moment som har vore aktuelt ved nokre høve, er driftsstans på ferja.

– Det har skjedd eit par-tre gongar for min del. Dei andre pendlarane køyrer då til Stryn, det kan ikkje eg på grunn av rekkevidde. Då kan eg gå og jobbe, eller kjøpe middag og lese avis.

Statistikk frå OFV viser at det blir stadig fleire elbilar i nedslagsfeltet til Nordfjordsamkøyringa. Medan det i 2009 ikkje vart selt ein einaste elbil her i området, auka det til 9 i 2013, 38 i 2014, 48 i 2015 og 49 i 2016. Mest selde elbil i fjor var Nissan Leaf med 15 stykk. VW selde 11, BMW 7, Tesla 5, Kia 5, Mercedes 3, Mitsubishi 2 og Renault 1.