– Dette er rett og slett tragisk og embetsmannsvelde i sin dårlegaste funksjon, slår Myklebust fast.

– Dette er nærast å betrakte som eit overgrep. Eg håpar det ikkje blir ein realitet. Dette er øydeleggande for samhaldet blant folk her, fortset han.

– Viss Fylkemannen meiner at den nye kommunen skal overta desse samarbeida så er ikkje det mogleg. Viss ho meiner at vi skal avslutte dei samarbeida vi har i dag, så er ho på ville vegar, seier han.