– Dette er heilt fantastisk. No er vi på veg ut til Kråkeneset, seier Ingrid Seljenes, som bur på Bryggja omsorgssenter, medan ho trakkar i veg og følgjer med på kvar ho er på TV-en.

Vågsøy kommune har gått til innkjøp av fire syklar frå firmaet MOTitech. Syklane er forma slik at brukarane kan sitte i ein stol og trø anten med føtene eller hendene. TV-skjermen er kopla til ei datamaskin, og på TV-en visast filmar frå eit område ein sjølv har valt.

Folkehelsekoordinator Birte Sandal og Ingrid Seljenes finn mykje å prate om på turen ut til Kråkenes.

– Eg høyrde om konseptet på ein konferanse eg var på. Vi fekk avtalt ein presentasjon av syklane, og bestemte oss raskt for at dette var noko vi ville investere i. Syklane har vore testa ut fleire stader i landet, og dei har vist veldig gode resultat blant eldre, fortel folkehelsekoordinator i Vågsøy, Birte Sandal.

I dag står det ein sykkel på Bryggja omsorgssenter, ein på Kulatoppen omsorgssenter, ein på dagsenter for demente i Måløy og ein på Skaretun omsorgssenter på Raudeberg. I tillegg nyttar miljøtenesta seg av tilbodet på dagsenteret. Ein har også liknande tilbod i andre kommunar, til dømes på det nye Hogatunet på Nordfjordeid.

Dei fire syklane og utstyret som Vågsøy kommune har kjøpt har kosta i overkant av 200.000 kroner, og ein har nytta seg av gåvepengar som dei ulike stadane har fått.

– Dette er noko alle kan bruke. Tilbodet er eigentleg utvikla for demente, og forsking har vist at det blant anna betrar søvnkvaliteten, dempar uro, brukarane kjem i betre fysisk form, det betrar appetitten og hindrar fall ved at ein held oppe muskelstyrke og bevegelse. I tillegg får dei flotte opplevingar og noko dei kan snakke om i lag. Sjølv om det ikkje er sikkert at alle hugsar det etterpå, så heng opplevinga att i dei understrekar Sandal.

Dei tilsette på dei ulike omsorgssentera har allereie merka effekten av sykkeltilbodet.

– På Kulatoppen har vi fått veldig mange positive tilbakemeldingar. Tidlegare hadde vi ein del uro på avdelinga, men dette har betra seg. I tillegg er det ein flott aktivitet å kunne halde på med når det ikkje er vêr til å kunne gå ut, fortel helsefagarbeidar Marisol Eliassen, som jobbar på avdelinga Soltunet på Kulatoppen.