– Vi må stå samla som ein kommune. Vi har framleis ikkje fått svar på kva vi kan få om vi vel å gå sørover. Kva helseregion skal vi høyre til, kva skjer med skulen og barnehagen? Det er mange spørsmål og få svar, sa Mariann Kvalsvik Løvold, som var ein av dei i underkant av 200 tilhøyrarane på møtet.

Den einaste som frå talarstolen tok eit klart standpunkt mot å sjå sørover var Bjarne Sætrenes (Frp), som er varaordførar i Vanylven kommune. Han uttrykte uro for høgare skattar og avgifter på sørsida av fylkesgrensa.

– Eg sjølv drive med jordbruk og viss eg skal leige meg ein ungdom i sommar som skal arbeide for 50.000 kroner, så må eg betale 3.200 kroner i arbeidsgjevaravgift. Over grensa må ein betale 5.300 kroner, dette er forskjellar. Det er ikkje store pengar for ein gong, men når dette er kvar månad blir det mykje pengar til slutt, sa Sætrenes frå talarstolen.