– Det er heilt fantastisk! Ein har garantert sjøutsikt til ei kvar tid og ein kan bytte utsikt etter kva ein føler for, seier Inger-Helen Sekkingstad (34).

Raudebergaren har dei siste åra budd i husbåten Maverick med kjærasten, to barn og hund.

Den 6 meter breie og 15 meter lange husbåten gir eit romareal på kring 90–100 kvadratmeter.

Maverick er prototype to av båten som svigerfar til Inger-Helen har designa og bygd. Det tok fire år å byggje husbåten, som er som ein liten utgåve av ein skyssbåt. Inger-Helen møtte Øystein då han og far hans hadde jobba på båten i tre år.

– Vi har vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin. Vi har IKEA-kjøken, og elles er alt på båten heimebygd.

Ho møtte sambuaren då båten var kome inn i interiørfasen. Alle krikar og krokar blir nytta, så i dei to skroga har dei hobbyrom og vaskekjellar.

– Vi har tre soverom – vårt eige med walk in-garderobe, to motorrom, eit rom til vasstank og utstyr, eitt skikkeleg bad, stor open løsying med kjøken, matbord og område der ungane leikar, seier ho.

Bur intimt

– På øvre dekk har vi har eit loungeområde med salong og skrivebord, og dessutan alt vi treng til å køyre båten.

Sjølv om ein kan trekkje seg unna til øvre dekk, blir livet om bord i ein båt intimt.

Barna har god plass til å lese og leike om bord. – Ein finn ikkje betre husbåt. Den er stabil, har god buflate, mykje vindauge og lite klunking sidan ein ikkje ligg og vippar. Vi utnyttar også alle etasjane så godt som mogleg, seier Inger-Helen.

– Vi kan høyre når dottera vår pustar i det andre rommet. Ein bur tett og er veldig lite for seg sjølv. Vi var også ferske som par då vi flytta inn, men er veldig sosiale begge to, så dette passar som hand i hanske.

Ein fordel med å bu i båt, er nettopp det sosiale.

– Terskelen for å komme på besøk er lågare. Folk er van med å komme og kike på båtane til kvarandre. Ofte er dei nysgjerrige og lurer på kva det her er slags storkar, men så forstår dei at vi faktisk bur i denne båten og då endrar haldninga seg ganske fort. Folk er kjempepositive til vårt val av livsstil.

Vil ikkje i hus

– Eg likar at sambuaren min valde litt utradisjonelt, det har eg også alltid gjort. Hans utgangspunkt var å bu i båten i fem år, det blei fort min tiårsplan. Han drøymer om meir plass og hus, eg tviheld på dette og synest det er perfekt!

Inger-Helen Sekkingstad bur i lag med sambuar Øystein Undertun og barna Jenny Adelen (3) og Henrik Nikolai (1) om bord i husbåten Maverick. Maverik har forma som ein katamaran og er bygd av Øystein og far hans Steinar Undertun, som også har designa båten. Skrogene er det Ola-Lilloe Olsen som har designa.

Målet på sikt er likevel ei sjøbu som dei også kan bu i.

– Aller første målet er eit naust. Får vi fleire ungar må vi kanskje i hus, men vi held på dette så lenge vi kan, smiler ho.

Båten kan ein køyre med vanleg båtsertifikat, og dei er tydelege på at det skal vere ein bruksbåt, og ikkje ein yacht.

– Vi fiskar, sløyer og gjer alt om bord. Den skal vere fin, men vi skal ha det komfortabelt.

Dei ligg til kai ved Glomset utanfor Ålesund, og det ideelle hadde vore at Stad skipstunnel hadde kome raskt på plass.

– Då kunne vi tatt weekendturar heim og lege i hamna i Måløy. Det vil vere lettare enn å pakke bilen. Vi kan berre kaste loss!

Årsaka til at Inger-Helen trivast så godt om bord, trur ho er fordi ho elskar å reise.

– Det er liksom min hobby, som eg no lever i. Eg har fridomskjensla som eg har behov for. Vi er etablerte, men vi er flyttbare, smiler Inger-Helen.

I tillegg er ho frå barnsbein av van med å vere på sjøen.

– Eg har jo vakse opp med at eg og pappa låg ut mot Stad'en og fiska.

Nokre minus er det likevel.

– Det er dårlegare vasstrykk i dusjen og så kan det bli litt golvkaldt. Men vi har to varmepumper!