– Doktorgarden har vore min andre heim kvar sommar sidan 2011, då eg starta å jobbe der som sesongmedarbeidar. Eg har trivst så godt der at eg har seks somrar bak meg i det huset, fortel Mariann.

Les meir om «Likestilt» her.

Denne sommaren er ho ikkje lengre ein sesongmedarbeidar, men dagleg leiar for heile huset. Mariann gler seg og trur ho har nokre travle, men kjekke, sommardagar i vente saman med dei andre tilsette.

25-åringen vart tilsett som dagleg leiar for Doktorgarden i fjor haust, og fortel at ho har store sko å fylle.

Som dagleg leiar har ho mellom anna ansvar for den daglege drifta av huset. Ho tek òg imot dei overnattande gjestane. Til sommaren blir det i tillegg kafédrift i huset.

Ein av fire er kvinner

Fjordenes Tidende har tidlegare omtalt at berre ein av fire daglege leiarar er kvinner. Mariann trur ikkje at det kjem av at det ikkje er nok kompetente kvinner til jobben.

Mariann er ikkje berre dagleg leiar. Ved sidan av jobben studerer ho til ein bachelor i kunst og handverk ved Høgskulen i Volda.

– Men eg har heldigvis kjekke hjelparar som stepper inn når eg ikkje kan, så det lar seg gjere å vere student i tillegg, seier Mariann.