– Vi legg opp til at vi skal sleppe publikum forbi anleggsområdet på ein god og trygg måte. Dette gjer vi med eit gjerde som skal hindre folk i å gå seg inn på området, fortel Nils Erik Rye Hestenes i NCC, som har fått arbeidet med å forsterke demninga rundt Skramsvatnet.

Øystein Solheim, fagleiar vatn og avløp, og Odd-Robert Solvåg, tenesteleiar drift og anlegg, fortel at alternativet er å stenge delar av løypa.

– Her må brukarane følge dei skilt og informasjonen dei får. Alternativet blir å stenge denne delen av trimløypa. Både kommunen og NCC er innstilt på at vi skal gjere det så lett som mogleg for dei som brukar trimløypa, men då må dei også respektere anleggsområdet.

Ved hjelp av skilting og gjerde håpar entreprenør NCC at brukarane av trimløypa vil halde seg unna anleggsområdet.

Bakgrunnen for arbeidet som no blir gjort på demninga er eit krav frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

– NVE har sett konsekvensklasse på alle demningar, og den høgaste konsekvensklassa er klasse 4. Demninga her har fått klasse 4 med tanke på konsekvensen av eit dambrot. Då ser ein på tal bustadar og skadepotensial på infrastrukturen, forklarar representantane frå kommunen, som fortel at ein frå dei si side ønskte at forsterkinga skulle skje på oppstraumssida, altså i vatnet.

– Denne løysinga hadde vore rimelegare og ein hadde bevart den flotte muren. Desse planane godtok ikkje NVE. Difor er det ein må støype inne dammen og eksisterande mur.

Arbeidet med forsterkinga starta 2. mai, og jobben skal vere ferdig 1. desember. Prosjektet har ei kostnadsramme på totalt 14 millionar kroner.

NCC har med seg underleverandørane Fundamentering AS og Sandal Maskinentreprenør AS. I tillegg er det Vågsøy Ferdigbetong som skal levere betongen til prosjektet, totalt om lag 1.600 kubikk.

– I dag er vi tre mann som jobbar her. I månadsskiftet kjem det forskalingssnikkarar, og over ferien vil vi auke talet arbeidarar, seier Hestenes, som understrekar at dei har ein god dialog med barnehagen.

– Enkelte dagar blir det mykje trafikk, spesielt i samband med støyping, men då gir vi beskjed, fortel Hestenes.