Hagen kom til Måløy i samband med bygginga av Måløybrua, og er blitt verande. I løpet av desse åra har han vore med på mange prosjekt. Men den erfarne sivilingeniøren seier han ikkje har vore bort i noko liknande gondolprosjektet i Loen.

– Ifølgje Jernbaneverket har dei ikkje gjeve konsesjon på ei slik bane sidan 1958, så det seier seg sjølv at dette er spesielt å vere med på. Høgdeskilnaden har vore ei utfordring. Sjølvsagt har det vore farleg sidan arbeidsplassen ligg ute på eit stup. Eg har hatt ansvaret, og har måtta legge spesiell vekt på HMS-tiltak. Gravemaskiner og boreriggar er sikra med kjetting og wire til forankring i fjellet, fortel Hagen.

– Vi har hatt eit par uhell med ein dumper som velta og to arbeidarar som hamna i eit snøras på anleggsvegen opp i februar, men ingen kom til skade. Arbeidet har gått veldig bra, og stemninga på arbeidsplassen har vore svært god.

Også Nordplan på Eid har hatt ei stor rolle i prosjektet som ansvarleg for prosjektering. Nordplan starta arbeidet i 2015 og siste året har fem-seks personar i selskapet jobba nærmast fulltid med prosjektet.

Vest Industrivask har også hatt oppdrag.

Ragnar Hagen fortel at han vart leigd inn som prosjektleiar av byggherre Hoven Loen AS for to år sidan, for å følgje opp prosjektet frå deira side. For om lag 12 månader sidan fekk dei tilgang til tomta på toppen, og kunne gå i gang med bygginga av gondolbana og restauranten på 1.000 kvadratmeter. Dei største aksjonærane er Hotel Alexandra, Nordfjord Kjøtt, Stryn kommune og Garaventa.

– Arbeidet har gått veldig raskt sidan presisjonen har vore høg. Garaventa frå Sveits som har levert gondolsystemet, kom med installasjonen og stilte store krav til presisjon i betongarbeidet. Alt skulle passe rett inn og avviket kunne ikkje vere meir enn fem millimeter. Alt passa, vi har ikkje brukt ei krone på ekstraarbeid, rosar Hagen.

Han fortel at han dei siste 18 månadene har opphalde seg i Loen tre dagar kvar veke.

– Eg har budd i seglbåten i småbåthamna ved Hotel Alexandra!