I partiprogrammet for 2017-2021 er det vedtatt at «Ap vil innføre ein utjamningsordning for nettleige, og sørge for ein likeverdig nettariff for store forbrukarar (industrien) med høg brukstid uavhengig av om elektrisiteten blir henta frå regional- eller sentralnett. Fornybar energi skal vere ein betydeleg del av bidraget til eit grønt skifte.»

Det var Sogn og Fjordane Ap som stod bak framlegget, som vart samrøystes vedtatt.

– Med færre å fordele kostnadane på er det på sin plass med ei utjamningsordning. Formuleringa møter behovet til den vanlege forbrukaren samtidig som den tek vare på storbrukarane.