Hoven Loen AS har søkt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) om støtte til å utvikle gode digitale verktøy for sal og marknadsføring. Prosjektet har ei økonomisk ramme på kr 700.000,- eks. mva.

Dei hadde søkt om 300.000,- kroner i støtte frå departementet.

– Denne løyvinga viser at regjeringa satsar på distrikta og bidreg til auka fokus på reiselivet og turistnæringa i Sogn og Fjordane. Dronning Sonja sine rosande ord om prosjektet seier sitt om kor fantastisk det er. På lik linje med initiativtakarane ynskjer vi at Loen Skylift skal bli ein suksess med høge besøkstal. Vi har stor tru på at prosjektet vil gi gode ringverknader også utanfor Stryn. Men skal mange nok fatte interesse og ta turen til Loen, må det sal og marknadsføring til, og marknadsføring kostar.  No når tilbodet er på plass, ynskjer vi å bidra til auka etterspørsel i form av desse midlane til digital marknadsføring, seier Britt Dalsbotten, 1. kandidat frå Sogn og Fjordane Frp.

– Det har vore fantastisk spennande å følgje heile prosessen med planlegging og bygging av Loen Skylift. Familien Grov, Alexandra Hotell og alle investorane har vist handlekraft og gjennomføringskraft som manglar sidestykke. Eg er svært glad for at regjeringa og statsråd Monica Mæland støttar opp om det viktige arbeidet med å lage gode digitale løysingar for sal og marknadsføring av Loen Skylift,seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H).