Tal frå vinterkontrollar Statens vegvesen har gjort, viser at av 11.431 køyretøy og 8.331 tilhengarar som er kontrollert, fekk  22 av køyretøya forbod mot køyring medan 294 har fått gebyr for manglande vinterutrusting. Når det gjeld tilhengarane blei det skreve ut 335 gebyr for manglar og 16 køyreforbod.

– Det er altså ikkje høge tal på våre reaksjonar, så bransjen har stor respekt for vinterutrustinga som vi krev, seier Rinde.

Rinde trur det er ein samanheng mellom desse resultata og arbeidet Statens vegvesen har gjennomført som er knytt til kampanjen Trygg Trailer dei siste tre åra.

– Eg vil gi mykje av æra for desse gode resultata til arbeidet vi og bransjen har gjort i denne kampanjen. Som leiar er eg oppteken av å væra i forkant og ikkje bli overraska. For mange handlar dette om å ta til seg ny kunnskap og skape gode haldningar hos sjåførar og transportleiarar, seier Rinde.

I Trygg Trailer kampanjen går Statens vegvesen eit steg lengre.

– Her inviterer vi store transportselskap inn i eit samarbeid med oss der vi gir opplæring til  bedriftsleiinga og sjåførar. Då kan dei sjølve gjere enkle kontrollar av vinterutrustinga på eigne og andre sine  køyretøy. Kontrollen som blir gjort er enkel, men genial. Den går kort og godt ut på sjekk av mønsterdjupna på dekk, sjekk av riktig merking av vinterdekka på bil og i sær tilhengaren, og ikkje minst at køyretøyet er utstyrt med tilstrekkeleg mange nok kjettingar, seier Rinde.

– Statens vegvesen har mykje kontrollar ute på vegen, og likt med politiet slår vi hardt ned slike manglar med omsyn til trafikktryggleiken på vegane, slår Rinde fast.