Kommunestyret i Bremanger stemte 12 mot 11 for at eit forprosjekt skal greie ut moglegheitene for at barneskule og barnehage blir verande i alle bygder som i dag, men at ein ser nærmare på mogleg samlokalisering av ungdomsskuletrinnet.

Den desentraliserte skulestrukturen er heilag i Bremanger, og det var forventa debatt i torsdagens kommunestyremøte då politikarane skulle diskutere eit forstudium som foreslo til dels drastiske strukturendringar.

Målet for møtet var at politikarane skulle velje ein av fire modellar som forstudiet skisserte – modell 0 som er dagens situasjon og modell A, B og C med ulike kutt og endringar.

Vil legge debatten død

Politikarane var einige i at Bremanger allereie har ein veldig god skule som utmerker seg nasjonalt, samt at dei ikkje såg lyst på å sende små barn ut på lange daglege, pendleturar på dårlege vegar. Ap og Venstre ønskte derfor å gjere prosessen kort ved å foreslå at ein gjekk for nullalternativet.

– Skuledebatten kjem igjen med jamne mellomrom. Det er på tide å legge den død og seie til oss sjølve at det er verdt å bruke meir pengar på skule. Sjølvsagt skal vi spare, men strukturendringar er ikkje måten vi ønskjer å gjere det på, sa Thomas Øvstedal (Ap).

– Eg tenker at vi no må seie det som det er, og ikkje la små grendeskular leve i uvissa. La det gå til det stoppar av seg sjølv. Dette er ein uheldig debatt som gjer folk usikre og skapar problem for tilflytting. Og ikkje minst handlar det om lange avstandar. Er vi interesserte i å sende elevane ut på ei to timars reise kvar dag? spurte Åge Senneset (V).

Høgre, Senterpartiet, KrF og SV meinte det var viktig å sjå litt lenger framover, og peikte seg ut ein versjon av nullalternativet i forstudien, behalde dagens situasjon for barneskular og barnehagar, i kombinasjon med delar av modell C, at ein får greidd ut moglegheita for å samlokalisere ungdoms-skuletrinnet. Modell C føreslår felles ungdomsskule på Kolset oppvekst.

I tillegg såg partia for seg at også vaksenopplæringa kan samlokaliserast her, og moglegvis også eit vidaregåande tilbod, eit "Campus Bremanger".

– Eg har ein draum om å få til noko sånt, spesifikt for TAF-studentar som i dag må reise lange avstandar. Tenk om vi hadde kompetanse til å gje dei eit vidaregåande tilbod her, seier Marius Strømmen (Sp).

Sjå på alle konsekvensar

Samarbeidspartia sitt framlegg fekk fleirtal med 12 mot 11 stemmer, og partia la også til at styringsgruppa for forprosjektet må gjere ein grundigare jobb med å gå gjennom alle reknestykke og sjå på alle effektar av tiltaka, ikkje berre for elevane.

– Vi må sjå på alle konsekvensar for bygdene og samfunnet, sa Marius Strømmen (Sp).

Bakgrunnen for forstudien politikarane diskuterte er Bremanger kommune sin krevjande økonomiske situasjon og ei demografisk utvikling i kommunen som ikkje er gunstig.

– Særleg gjev den forventa reduksjonen på 20 prosent i tal skulebarn (6-15 år) dei neste 8 åra grunn til uro, skriv styringsgruppa.

Rapporten skisserer tre modellar, Modell A foreslår at bygdene skal ha 1.–4. klasse og barnehage, medan 5.–10. klasse skal gå på på skule på Hauge, Davik og Svelgen. Innsparinga er 1,5 millionar kroner årleg.

Modell B skisserer barnehage i Kalvåg, Hauge, Davik og Svelgen, og 1.–10. klasse på Hauge, Davik og Svelgen med ei innsparing på 6,6 millionar årleg.

Modell C tek utgangspunkt i barnehage i Kalvåg, Hauge, Davik og Svelgen, at 1.–7. klasse går på Hauge, Davik og Svelgen medan alle elevar i 8.–10. klasse flyttast til Kolset. Innsparinga her er 8,3 millionar årleg.

Politikarane valde altså ikkje å gå for nokon av desse, men fredar grunntrinn og barnehage, samtidig som dei ber om utgreiing for ungdomstrinnet.