Den nye minibanken er plassert under baldakinen til Coop Prix, der det på 80-talet var ei kioskluke. Det er bygd rampe i betong og i utgangspunktet kan det sjå ut til at alle omsyn er ivaretekne. Minibanken i Svelgen vart flytta etter at Sparebanken Sogn og Fjordane la ned filialen i vår. Den nye minibanken var raskt på plass, men altså kanskje litt for raskt.

Ikkje universell utforming

Det var dagleg leiar for «Aktiv Jobb» Oddgeir Sande som kontakta Fjordenes Tidende og meinte det meste måtte vere utanom retningslinene her.

Då Fjordenes Tidende tok turen bort hadde fleire av dei tilfeldig forbipasserande merka seg at minibanken var noko underleg plassert.

– Eg har snubla i betongkanten. Dei må jo merke den, seier ei dame.

– Eg trakka nesten utfor kanten då eg skulle hjelpe ein eldre mann, seier ei anna.

– Eg stangar opp i jernbjelken over minibanken, seier ein mann som ikkje er unormalt høg.

I tillegg er det uråd for rullestolbrukarar å nytte banken. Både å sjå og rekke opp til tastane, og få oversikt over skjermen, er ei nær umogleg oppgåve. Leiaren i Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Aina Alfredsen Førde har også engasjert seg i saka.

– Blitt ei dårleg løysing

– Vi var for raske fordi vi ønskte å oppretthalde tilbodet om kontantuttak i Svelgen utan opphald. Men vi ser at løysinga er blitt dårleg, og vi vil ta kontakt med dei vi samarbeider med om dette, og få det ordna, seier kommunikasjonssjef i Nokas, Ådne Mauritzen.

På spørsmål om det ikkje finst klare retningsliner på slike ting med omsyn til brukarane, svarar Mauritzen at det er svært mange faktorar som skal klaffe.

– Det er ganske krevjande også med tanke på sikkerheit. Mellom anna må der vere betongvegg og alt må vere godt sikra mot ran. Så akkurat kva vi skal gjere i Svelgen, kan eg ikkje svare på, men eg er viss på at vi skal komme fram til ei løysing som stettar alle krav, seier han. og legg til:

– Kva tid det er på plass kan eg ikkje svare på no. Men at dette er ei uheldig løysing er openbert, seier Mauritzen.