Alle andre forslag i rapporten om framtidas omsorgstenester i Bremanger sklei rett gjennom, men forslaget om berre eitt legesenter, lagt til Svelgen, blei for hardt å svelge.

Saka splitta parti som Høgre og Senterpartiet, der representantar som bur i ytre delar av kommunen ikkje utan vidare kunne vere med på å lokalisere eitt legesenter så langt unna eiga bygd. Charlotte Skjølberg (SV) var ei av dei som ikkje ville vere med på det.

– Eitt legesenter plassert geografisk sentralt i kommunen er noko helt anna, det kan eg vere med på å diskutere. Men samlokalisering i Svelgen sånn utan vidare, er eg imot, sa ho.

Vesentleg lenger veg

Nina Grotle (Ap), som sjølv hadde vore medlem av styringsgruppa som jobba med forstudien fortalde at arbeidet hadde vore krevjande.

– Det var ein klar dissens i gruppa når det gjaldt spørsmålet om samordning til eitt legesenter i kommunen. For Ap er det ikkje noko alternativ, og vi er imot at dette punktet skal vere med i ei vidare utgreiing. Det vil heilt klart gi fleire ulemper enn fordelar, meinte Grotle, og peika på lenger køyreveg, forverring av tryggleiken og redusering av beredskapen.

– Det bur cirka 1.500 menneske i ytre Bremanger og dei fleste har fastlegen sin på Hauge. Dei vil få eit vesentleg dårlegare tilbod om legesenteret blir flytta til Svelgen. Det vil bli ei stor belastning både for dei eldste og dei yngste innbyggarane, og gå utover både tryggleik og beredskap, sa Grotle, som meinte argument som større fagmiljø ikkje heldt vatn.

– Eg trur det viktigaste er å vere tilgjengeleg og kome seg ut til pasientane raskt, sa ho.

Grotle peika på samfunnsrekneskapen i å måtte transportere fleire folk lenger, samt tapt arbeidsforteneste og problem for arbeidsgivarar når folk må vere borte frå jobb ein halv dag for å gå til lege.

– Og så kan ein spørre seg kor attraktivt det er for ein barnefamilie å busette seg ein stad med så lang veg til nærmaste lege.

Her fekk Grotle klart svar frå Elisabeth Hatlenes (H) som også har sete i styringsgruppa.

– Dei la ned legekontoret på Davik i 2007. Eg flytta tilbake i 2009 og tenkte aldri på at legekontoret var 40 minutt unna. For meg er det viktigare å bruke pengar på skulen der vi er fem gangar i veka, enn på legekontor der vi er to-tre gangar i året.

Men tilhengarane av sentralisering av legekontoret blei ikkje høyrt. Med Ap sine stemmer (8), Venstre (3), Ann Irene Gulestøl (H), Charlotte Skjølberg (SV) og Aleksander Frøyen (Sp) hadde nei-sida fleirtalet med 14 mot 9.

Andre sparetiltak

Det blei også vedteke at styringsgruppa for det vidare forprosjektet skal jobbe vidare med dei andre innsparingsforslaga i forstudien.

Dette gjeld mellom anna samlokalisering av dei tilsette i Open omsorg indre, Davik på Klokkartunet, finne løysingar på deltaking i interkommunal legevakt, oppretting av eit lokalt utviklingsprosjekt for velferdsteknologi, produksjon og transport av mat til heimebuande, planlegging og igangsetting av førebyggande team, fullføring av strategisk plan for helse og omsorg, samlokalisering av Aktiv jobb ytre ved Haugetun/Hogslia, rekruttering, reduksjon av sjukefråveret, påverking av plan for beredskap knytt til ambulansetenesta og vurdering av om ein skal endre organiseringa av open omsorg.