For kvart år du bur og jobbar i kommunen på søre Sunnmøre betalar Vanylven inntil 15 prosent av studielånet ditt, avgrensa til 28.000 kroner årleg. Det kjem fram i ei pressemelding frå Vanylven kommune.

Høgare startløn

– Vi er den første kommunen i landet som innfører denne ordninga. Vi ynskjer å gå nye vegar for å skaffe den rette kompetansen til kommunen, seier rådmann Andreas Christian Nørve.

Vanylven vil òg lokke med høgare startløn for kvalifiserte søkarar til stillingar som lærarar, sjukepleiarar, førskulelærarar og andre fagfolk som kommunen har behov for.

Dei nye rekrutteringstiltaka er vedteke av eit samrøysta kommunestyre.

Naturperle

– I tillegg til dei økonomiske fordelane er Vanylven som skapt for store naturopplevingar. Her kan ein gå flotte fjellturar, fiske, dykke, spele golf og mykje anna. Kommunen bør vere midt i blinken for unge nyutdanna menneske som er aktive, glad i naturen, vil prøve noko nytt og samtidig få ein av dei beste privatøkonomiske ordningane i kommunal regi, meiner rådmann Nørve.

Ordninga

For å bli ein del av ordninga må du vere folkeregistrert i Vanylven, tilsetjast i kommunen og busett der i minst 12 månader. Bidraget blir gitt på etterskot for kvart år du bur og jobbar i kommunen heilt ute i havgapet på Sunnmøre.

Positivt

Gjermund Kvernmo Langset er påtroppande leiar for Studentparlamentet ved NTNU i Ålesund. 23-åringen frå Tomrefjord er positiv til at kommunen går nye vegar.

– Eg tykkjer det er positivt at det vert innført tiltak, men eg er usikker og spent på om det får ynskja effekt, det vert spanande å sjå, seier Gjermund.

Modellen som Vanylven tek i bruk er inspirert av den statlege ordninga med «Finnmarksfradraget» for sju kommunar i Nord-Troms og alle kommunane i Finnmark.

Kreative løysingar

– Vi søkjer heile tida å finne kreative løysingar for å tiltrekkje oss kvalifisert arbeidskraft. Vi er spent på effekten av vårt «Finnmarksfradrag», men har stor tru på at dette vil vere attraktivt, seier rådmannen i Vanylven, Andreas Christian Nørve.

Det er ikkje berre med denne ordninga at Vanylven tenkjer nytt. Kommunen har alt innført ei ordning med rabattar på alle kommunale rekningar som blir betalt elektronisk. I staden for å straffe med gebyr på papirgiroar, vil dei premiere med rabattar for å få flest mogleg til å betale på nett.