– Alfred Bjørlo seier at dei vil be departementet om at avgjerda om ei eventuell grensejustering må kome raskt. Eg håpar Eid kommune held seg til dei prosessane som skal gjennomførast og ikkje «lobbyerar» utanfor prosessen for å tilegne seg ein del av Vågsøy kommune, seier Maurstad.

– Viss det skal bli starta ein prosess med utgreiing av ei grensejustering må det skje etter Inndelingslova og prosessen som er lagt frå staten si side. Ei grensejusetering er ikkje ei sak som skal skundast gjennom systemet, det er ein omfattande prosess, slår ho fast.

Det var i midten av februar at nokre av innbyggjarane på Bryggja leverte inn ein søknad om ei grensejustering der ein ville bli ein del av Eid kommune, eller eventuelt Eid/Selje. Bakgrunnen for saka om grensejustering handlar blant anna om nedlegging av skulen på Bryggja.

– Det har vore veldig mykje fokus på skule i denne saka. Vågsøy kommune har vore i ein vanskeleg økonomisk situasjon som har påverka skulebudsjettet, men ein må også ha fokus på at innbyggjarane på Bryggja får andre gode tenester frå Vågsøy kommune, blant anna omsorgssenter, vassverk og der er ein privat barnehage som får kommunal støtte og som har ungar frå fleire delar av kommunen, seier Vågsøy-ordføraren, som vidare peikar på at avstanden til ungdomsskule, rådhusfunksjonar og andre kommunale tenester blir lengre om ein går over til Eid, og eventuelt Selje/Eid.

I Fylkesmannen si grunngjeving for ei utgreiing av ei grensejustering blir det peika på at ein spesielt er interesserte i skape ein geografisk samannhengande kommune med Selje og Eid.

– Då må ein minne om at innbyggjarane i noverande Selje eller Eid må innom Vågsøy eller Vanylven for å kome seg frå den eine delen av kommunen til den andre uansett. Så det er ikkje eit spesielt argument for at Bryggja skal over, seier Maurstad.