Det seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival ei veke før juni månad er over. Salstala i juni siste åra har lege på 50–60 prosent utselt.

– Vi er spent på korleis salstala ser ut 3. juli då vi har den siste billettauken. Då aukar alle billettane med 150 kroner.

– Vi har ulike kategoriar, der nokon sel veldig bra og andre litt mindre. Vi har flytta litt på billettane, slik at fleire er tilgjengeleg der det er mykje sal. Mellom anna har vi flytta billettar frå to til tre dagar. Det er festivalpass vi sel mest av.

I samband med 15-årsjubileet i år har Malakoff utvida frå to til tre dagar, og startar torsdag.

– Dette er noko publikum vil ha. Vi har selt veldig mykje billettar heilt frå torsdag. Det kjem mykje folk allereie første dagen, og før også. Vi har lagt ut ein snutt på Facebook der vi rår publikum til å kome til Nordfjord og vere her heile veka for å sjå alt det flotte vi kan by på i regionen, frå ute ved kysten til inst i fjorden. Salstala til no tyder på at vi går mot utselt festival. Men det er bekymringsfullt få med lokal adresse som har kjøpt billett. Den store marknaden er Vestlandsfylka, pluss dei store byane.

Malakoff har sikra seg internasjonale band som Biffy Clyro trass i at svak norsk krone gjer det dyrare. Festivalen Norwegian Wood har i år berre norske artistar på grunn av at prisen på internasjonale namn er høg grunna valutakursen. Også Malakoff merkar dette. Men paradoksalt nok kan det ha ein effekt på billettsalet fordi du i år må til Eid for å høyre band som Biffy Clyro, Refused, Daniel Norgren, Frank Carter & The Rattlesnakes i Norge. Converge spelar også på Bukta i Tromsø same helg som Malakoff, men i Sør-Norge er Malakoff staden om du skal høyre bandet her i landet i sommar. Mange festivalar har også lagt ned fordi det er krevjande å drive.

– Vi også blir råka av valutakursen, og trass i at fjoråret var eit godt år, fekk vi eit nullresultat. Men artistane tilpassar seg også litt. Det er framleis hard konkurranse sjølv om nokon festivalar har lagt ned, spesielt frå store enkeltkonsertar. Folk blir godt vande, seier Naustdal.

Euroen står om lag 10–20 prosent høgare enn det som har vore normalen over tid.

Når det gjeld frivillige, manglar arrangøren om lag 200 personar. Behovet er 800, pluss dei som er engasjert hjå lag og organisasjonar.