Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal innser at det kan gje negative medieoppslag om narkotikabruk slik ein såg i fjor.

– Ungdomar kjem for å ha det kjekt på festivalen, og dei tek med seg festvanane sine. Det er slik det er, men vi ynskjer ordna former. Då snakkar vi ikkje berre om narkotika, men om alle typar rus. I år styrkar vi vakthaldet med fleire profesjonelle, først og fremst for å førebyggje den verste festaktiviteten.

Ifølgje regionlensmann Tormod Hvattum stiller politiet med ei gruppe på ti politifolk frå Nordfjord og Sunnfjord som skal bidra til lov og orden under den 15. Malakoff Rockfestival 20.–22. juli.

– Det er same tal som i fjor, men festivalen varer ein dag lenger, slik sett aukar vi opp ressursane, seier Hvattum.

Han ynskjer ikkje å gå i detalj på korleis narkotikajakta skal gå føre seg, men lovar at det blir teke grep.

I fjor gjekk meldingane ut på at narkotikaspanarar i sivil gjekk inn på campområdet med narkotikahundar i jakta på eventuelle lovbrytarar. Dette vil ikkje lensmannen kommentere:

– Eg ynskjer ikkje å seie noko om korleis vi skal gå fram, anna enn at det blir same opplegg som i fjor.

Festivalcampen på Malakoff blir omtalt som den største på Vestlandet med så mange som 5.000 menneske inne på det avgrensa området mellom park- området i Malakoff og industriområdet Øyane. Naustdal fortel at det nesten er utselt for overnattingsbillettar.

– Vi har selt nærmare 900 av 1.000 overnattingsplassar.