89 mannlege og 10 kvinnelege artistar og musikarar er fasiten etter at Malakoff Rockfestival har lagt fram sitt program. Festivalsjefen seier det er vanskeleg å finne damene i rocken.

– Det er heilt klart ei stor overvekt av menn i den sjangeren som Malakoff Rockfestival opererer i. Eg syns det er synd at det ikkje er fleire kvinner. Spørsmålet til oss som bookar er om vi har eit spesielt ansvar for å løfte fram jentene. Vi leitar etter desse damene og ønskjer å ha dei med på festivalen, men det å sørge for at kvinnedelen er stor nok er vanskeleg, det innrømmer eg, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival Arnt-Ivar Naustdal.

Les meir om «Likestilt» her.

Til årets festival kjem det 22 band som i hovudsak består av menn, fire band eller artistar som er kvinner og tre band med menn og kvinner. Festivalsjefen peikar på at det har blitt eit større fokus på temaet dei siste åra.

– Dei siste fem-seks åra har fokuset vore større, og det synest eg er veldig positivt. Det starta med debatten etter at Susanne Sundfør fekk prisen for beste kvinnelege artist, og der ho i takketala understreka at ho var først og fremst artist. Så utviklinga har vore bra, seier Naustdal.

Må ha lokal innsats

Festivalsjefen meiner det hadde vore enklare for festivalen å få fleire kvinner på programmet om dei hadde vore i ein annan sjanger.

– Det er veldig mange dyktige damer der ute, spesielt innanfor popsjangeren, men som ein rockfestival kan ikkje vi ha for mange av desse. I år har vi valt Dagny frå denne sjangeren. Vi velje ikkje bevisst vekk jentene, men det er ein vanskeleg sjanger, understrekar han, og legg til:

– Eg har utfordra folk på kva kvinnelege artistar vi bør booke, og dei alternativa vi har fått inn har vi ikkje fått til fordi dei ikkje har vore tilgjengelege.

– Dei jentene vi har hatt har sørga for kanskje årets beste konsertar. Det såg ein eksempelvis i fjor med Gabrielle, forklarar festivalsjefen, som trur at det trengst lokal innsats for å få eit meir balansert program.

– Om ein ser på forholda lokalt så går jentene på kulturskulen og er flinke på dei instrumenta dei spelar eller på song. Men dei er ikkje med i band. Der er gutane overrepresenterte, seier Naustdal, og fortset:

– Om ein ser internasjonalt på eit band som Blood Command så har dei kvinneleg vokal, og det er veldig kult. Men dei har vi allereie hatt på besøk under festivalen to gongar.

Set av plass til damene

Malakoff Rockfestival har eit bevisst forhold til kjønn når dei bookar, men også på andre område i festivalen er fokuset på å få inn fleire damer stort.

– Dette er ei satsing i bransjen. Vi ønskjer å få med fleire jenter også bak scena. Vi hadde tre kvinnelege lærlingar i fjor, og doblar talet i år, forklarar festivalsjefen.

Målet med prosjektet Teknikk i Balanse, som var starta opp i 2016 er å bidra til betre kjønnsbalanse på det konserttekniske feltet.