I tillegg til Malakoff rockfestival, har fem andre festivalar i fylket fått plass på prioriteringslista. Desse er Førdefestivalen, Norsk Countrytreff, Nynorske Litteraturdagar, Gloppen Musikkfest og Teaterfestivalen i Fjaler.

Å vere en del av denne lista betyr at fylkeskommunen vil inngå fleirårige avtalar i samband med søknad om tilskot frå kulturrådet. Fylkeskommunen presiserer at andre festivalar likevel kan søke om støtte. Den nye festivalstrategien vert ein del av den regionale kulturplanen som skal gjelde frå 2019.

Festivalane har utvikla seg til å bli ein sentral del av kultursatsingane i både kommunane, i fylket og for staten. Vi har ambisjonar for festivalane våre, noko som kjem fram gjennom ein slik aktiv og medviten strategi, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Kriteria som låg til grunn for utveljinga var mellom anna regional og nasjonal fungsjon, kreative målsettingar og kvalitet og publikumspotensial.