– Det blir ein eksklusiv førlanseringskonsert på Rockweekend, seier Ronny Yttrehus, opphavleg frå Ytrehus utanfor Svelgen.

43-åringen er gitarist i Captain Gone, som er eit eige band i tillegg til å spele med Sol Heilo som nyleg har spelt inn plate.

– Sol Heilo skulle starte si solokarriere, etter at Katzenjammer tok pause, og vi blei med frå starten. Vi har brukt mykje tid på å forske fram eit lydbilde vi synest er unikt, og det blir spennande å spele live. Vi har platelansering i oktober, så dette blir ein av dei første komplette konsertane vi gjer platelåtane, seier Yttrehus, som gler seg til helga.

– Eg har vekse opp med Rockweekend, det er ein fantastisk festival. Det blir fantastisk å komme tilbake. Eg er imponert over kva dei får til i ei lita bygd, seier Yttrehus, som no har base i Oslo.

Han er ikkje i tvil om betydninga musikarmiljøet i kommunen har hatt for si eiga karriere.

– Eg flytta frå Bremanger som 17-åring, og har jobba med musikk sidan då. Eg fekk god oppdraging før eg drog, og spelte med musikarar frå Svelgen og Bremanger. Eg hadde Norvall Klungresæter som gitarlærar (ein av arrangørane bak festivalen), og han var ei stor inspirasjonskjelde.

Yttrehus meiner at lite har endra seg sidan han flytta.

– Oppvarmingsbandet vårt er Silo, eit ungt, lokalt band. Og det er jo eksempel på slik det var då eg budde der. Unge musikarar får blomstre, ein får spele og får oppfølging og coaching. Det er ein kjempeforskjell med ein slik arena, seier han.

Yttrehus peikar på at ein med Rockweekend slepp å reise til Oslo for å oppleve store artistar.

– Dei har bra artistar kvart år, og for meg som er interessert i musikk, så er det ei stor inspirasjonskjelde.

I tillegg til å vere gitarist i Captain Gone og Sol Heilo, turnerer han med Kulturtanken og er ekteskapsrådgjevar i ei meinigheit i Oslo.