– Det er irriterande, for det er berre små enkle grep som skal til, seier Jan Helge Oksholen.

Rullestolbrukaren er mangeårig forkjempar for tilrettelegging av universell utforming i Måløy og peikar på fleire ting som kunne blitt gjort for å gjere livet til ein person med funksjonshemming enklare.

Svar frå ordføraren: Innrømmer at ingenting har blitt gjort

Fleire handicap-parkeringar, lågare fortauskantar, ryddigare fortau og nyetableringar som følgjer universell utforming er noko av det han ønskjer seg.

Oksholen er avhengig av å bruke bil med heis, og hamnar langt ut i vegbana når han skal inn og ut av bilen. Han etterlyser fleire og større handicap-parkeringar.

Ein bil tilpassa elektrisk rullestol, og dermed med heis bak, gjer at Oksholen treng ekstra plass når han skal inn og ut av bilen. Dagens handicap-parkeringar i Måløy gjer at han hamnar langt ut i vegbana.

– Eg sperrar heile gata. Og når folk har surebyger, då er det ikkje festleg å vere midt i gata.

Han etterlyser også fleire handicap-parkeringsplassar. Og om ein skal ta hurtigbåten, finst det ingen handicap-parkering i nærleik av lekteren.

– Så om du skal til byen og kjem opp att på kvelden, så finst det jo ingen plass å parkere bilen, seier Oksholen, som har ytra ønske om å få til handicap-parkering ved taxi-parkeringa ved Kiwi.

Andre problem er tilgjengelegheit til butikkar og kafear.

Fleire butikkar og serveringstader er vanskeleg å komme inn på med rullestol. Oksholen blei positivt overraska over at denne kafeen har ordna med rampe på baksida.

– Vi treng jo nyetableringar og reetableringar, både butikkar og slikt. Når det gjeld det kommunale, så skuffar det meg for eksempel at ein får lage til kafear, og at dei får opne utan at funksjonshemma får tilgang, seier han.

Ein tur gjennom gata viser at det er fleire stader der ein rullestolbrukar ikkje kjem seg inn. Til dømes er det umogleg å komme seg på Fiskerimuseet.

– Norske lovar har ikkje tilbakeverkande kraft, men når lokale blir seld på ny eller nye flyttar inn, så gjeld reglane. Om hus er freda eller ikkje spelar inga rolla, det gjeld både private og offentlege. Alle stader som er for publikum skal vere universelt utforma, seier Oksholen.

Det er ikkje berre-berre å ta seg frå start til ende i Gate 1 i Måløy om ein er rullestolbrukar.

– Det gjeld jo ikkje berre ein som sit i rullestol, det er også eit problem om ein til dømes er synshemma eller for eldre folk, seier han.