Ikkje alle har sjekka lastekapasiteten og køyrer rundt med for mykje bagasje, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Vekta påverkar korleis bilen oppfører seg. Ikkje minst har vekta mykje å sei når ein skal bremse opp, påpeiker Marianne Moe i Statens vegvesen.

Tilhengarkalkulator

vegvesen.no er det ein eigen kalkulator for kor mykje last ein kan ha på tilhengjaren sin. Statens vegvesen tilbyr og eigen app «Bil og henger», som kan lastast ned frå AppStore, Google Play og Windows Phone Store.

I Norge er det slik at køyretøy med hengar ikkje kan køyre fortare enn 80 km/t uansett kva fartsgrensa er. Har ikkje hengaren brems er grensa 60 km/t.

Mange av campingbilane er registrert slik at dei kan køyrast av person med vanleg førarkort klasse B. Bilane er som regel konstruert for tyngre last, men då må ein ha utvida førararett for å føre doningen.