– Håpet var å komme blant topp 32, då hadde eg komme vidare til neste runde, fortel Ole Johnny Faleide frå Raudeberg.

– Eg følte meg litt dårleg behandla sidan eg var ein av dei første som køyrde. Slutten på traseen var våt og glatt, og etter eg hadde køyrt så flytta dei traseen lenger inn på bana, sidan dei fleste snurra på slutten, men eg fekk ikkje køyre på nytt, fortel 41-åringen.

Truleg hadde Faleide hamna blant topp 20 dersom bana ikkje hadde vore glatt, meiner han.

– Men eg enda til slutt på plass 49 av 98 bilar frå dei beste i verdseliten, fortel Faleide.

Konkurransen er sett opp i samband med gatebil-festivalar i Våler, Rudskogen og svenske Mantorp. Ei runde i september og ei i oktober står att.