Det seier dagleg leiar i Svelgen Bygg, Jostein Eimhjellen til Firdaposten.

Han jobbar i desse dagar med restaurering av Risehuset i Svelgen sentrum på oppdrag for Steinvik Fiskefarm, som er ein viktig kunde for bedriftene i bygge- og anleggsbransjen i Svelgen i tillegg til kommunale oppdrag og hjørnesteinsverksemda Elkem.

Eimhjellen fekk eit overskot i Svelgen Bygg i fjor på 302.000 kroner og omsetning på 11,2 millionar. Verksemda er organisert med Bu og Fritid som morselskap der ein noterer pluss på 658.000.

Underselskapet Svelgen Eiendom eig no berre hotelleigedommen, og rekneskapen viser også der eit lite pluss.