Vêrvarselet gjeld for strekninga mellom Svinøy i Herøy kommune og Bulandet i Askvoll kommune. Vindstyrka er venta å stige frå klokka 13.00, men vil berre kome opp i stiv kuling i korte periodar. Ifølgje, yr.no vurderer beredskapsaktørar likevel behov for tiltak fortløpande.

I Måløy er det fredag venta regnbyer og rundt 13 grader, før det blir opplett på kveldstid. Det same gjeld for både Nordfjordeid, Selje, Kalvåg og Fiskå.

Laurdag er det meld om temperaturar på 15 - 17 grader i heile ytre Nordfjord, med opplett vêr på dagtid og regn frå ettermiddagen. Søndag blir det skiftande vêr, medan temperaturane held seg på rundt 15 grader. I Måløy ligg det an til å bli ein fuktig start for Måløy Havfiskefestival når startskotet for Europameisterskapen går på søndag.

Detaljert vêrvarsel