– Det blir heile tida hevda at skule ikkje er noko tema, men det blir likevel heile tida trekt fram. Det er rett at det ikkje ligg pengar inne i budsjettet til skulen på Bryggja etter hausten 2018. Vi var i ei økonomisk knipe. Men økonomien blir betre. Når vi går inn i Kinn, vil økonomien sjå annleis ut. Vi får 5 millionar kroner ekstra i samband med samanslåinga årleg i 15 år, i tillegg til 40 millionar i eingangsstønad. Skulen er ikkje vedteken nedlagt, påpeika ho då ho heldt sitt innlegg på folkemøtet om grensejustering.

– Vågsøy har lågare kommunale avgifter, lågare eigedomsskatt, og lågare gjeldsbelastning enn Eid og Selje. Det er kortare veg til alle kommunale tenester i Vågsøy. Og no står ein topp moderne ungdomsskule klar i Måløy. Som innbyggjar på Bryggja må eg få seie at det er for gale om ikkje mine ungar skal få gå på den topp moderne skulen som det er kortast veg til, og i staden blir sendt enten til Selje eller Eid.

– Vi har eit næringsliv i Vågsøy i rivande utvikling, det vil kunne dryppe på Bryggja om vi held fast på grensa, argumenterte ordføraren.