– Stikkprøva vår viser om lag 6,6 prosent forureiningar i plastavfallet. Det vil seie ting som ikkje er reingjort plastemballasje, fortel kvalitetssjef i Grønt Punkt Norge AS, Petter Aaby Vebenstad.

– Det har blitt betre, og resultatet er brukbart, men samstundes oppfordrar dette resultatet til forbetringstiltak. I avtalen er grensa på fem prosent, så NoMil og kommunen må sette inn kommunikasjonstiltak ut mot hushaldningane, forklarar Vebenstad.

Mykje god plast

Kontrollen av vågsøyværingane sitt plastavfall gjekk føre seg ved ASVO sine lokale onsdag. Her vart det sortert 360 kilo med avfall.

– Vi har funne veldig mykje godt reingjort plastavfall, men så har vi også funne ting som absolutt ikkje høyrer til i plastsekken, seier Vebenstad, og viser til at dei blant anna fann betong, spiker, sko, gummihanskar, bleier og plastemballasje med matrestar i.

Under kontrollen vart det oppdaga fleire ting som ikkje skulle hamna i plastsekken. Kvalitetssjef i Grønt Punkt Norge AS, Petter Aaby Vebenstad, fann blant anna betong, spiker, bleier og sko.

– Det er viktig at hushaldningane sørger for at det er reingjort plastemballasje, og berre det, som hamnar i plastsekken, seier Vebenstad.

Mest mogleg gjenvinning

Kvalitetssjefen fortel at ein på andre kontrollar, andre stader i landet, finn alt frå under 5 prosent til over 20 prosent forureiningar i plastavfallet.

– Her blir plasten balla, altså den blir pressa med høgt trykk før den blir tatt streng rundt for vidare transport og behandling. I samband med presseprosessen skvisast til dømes matrestar ut og grisar til det andre materialet. I verste fall blir plastavfallet avvist hos mottakar som skal sortere søpla, og då må det gå til energigjenvinning. Dette påverkar vårt øvste mål, som er mest mogleg materialgjenvinning.