Han og resten av Flatraket idrettslag er aktuelle med den årlege festivalen i bygda, fredag og laurdag denne helga.

– Vi køyrer same programmet som dei seks førre åra. Med seriekamp fredag og etterfølgande pubquiz. Vassverkgutane spelar opp til dans utover kvelden på laurdag.

Laurdag var den opprinnelege planen også å arrangere idrettsdag for borna, men idrettslaget har beslutta å utsette denne til søndag 3. september.

Leiinga må også vurdere vêr og vind før arrangementet fredag.

–  Dersom vinden stilnar tidleg nok på fredag, set vi opp teltet. Hvis ikkje flyttar vi pub og quiz inn i Klubbhuset, melder Ødegård.

Ei samlande helg

Ødegård fortel at tanken bak festivalen er å lage ein samlingsplass i bygda, sidan ein verken har samfunnshus eller eit anna lokale for større arrangement.

– Så då har vi bestemt oss for å slå opp festivaltelt og lage til det vi har kalla ein festival. Vi tenker at det passar bra med denne helga, som er rett før studentar reiser for å studere, og det elles er mange som framleis er i heimtraktene.

– Inntrykket er at festivalen vert sett stor pris på i bygda. Og så har vi brukt å ha ein del besøkande frå nabobygder og kommunar, det er veldig kjekt, så det håpar vi på i år også.