Eid kommune fekk i desember 2014 tilbod frå Miljødirektoratet om å overta forvaltingsansvar for verneområde som i dag vert forvalta av Fylkesmannen. For Eid kommune gjeld dette i praksis to naturreservat: Åsane (i Hennebygda) og Lindvik.

Eid kommune avslo i april 2015 tilbodet, fordi kommunen på det tidspunktet ikkje hadde nødvendig kapasitet og kompetanse.

– Generelt sett bør Eid kommune vere positive til å overta oppgåver frå staten som gjer at avgjerder kan takast nærare dei det vedkjem. Eg ber difor om at spørsmålet om kommunal overtaking av forvaltingsansvar for vermenområde blir teken opp til ny vurdering og ny politisk handsaming, sett i lys av at Eid kommune no har større kapasitet og kompetanse enn då saka sist vart handsama i 2015, skriv ordføraren.