Eit utval beståande av Sindre H. Kvalheim og Einar Rune Sætren frå næringslivet i Vågsøy, Olav Steimler frå næringslivet i Selje, John Olav Lefdal frå næringslivet på Eid, og dagleg leiar i Nordfjord Vekst, Randi Humborstad har dei siste månadane arbeidd med ei framtidig organisering av vekstselskapet.

Styret i Nordfjord Vekst valde onsdag denne veka å ta forslaget til etterretning og kallar med det inn til ei ekstraordinær generalforsamling i Måløy 14. september. Dagleg leiar Randi Paulsen Humborstad forventar at generalforsamlinga vel å avvikle vekstselskapet som vart etablert i januar 2012.

– Eg reknar med at utvalet sin konklusjon vil bli følgt og at ein set ned eit avviklingsstyre og avviklar dette selskapet i løpet av dette året. Vi har finansiering ut året, sa Paulsen Humborstad til formannskapsmedlemmane i Vågsøy like før vi gjekk i trykken torsdag ettermiddag.

I ei pressemelding som kom tidlegare i sommar stod det: «På generalforsamlingen under saken om fremtiden til Nordfjord Vekst fremkom det stor enighet blant aksjonærane om at dagens organisering av selskapet ikke fungerer optimalt.».

Vidare gjekk det fram av pressemeldinga at aksjonærane meiner at kommunereforma har sett sine spor i arbeidet til vekstselskapet.

Nordfjord Vekst er eigd av næringslivet (60 prosent) og kommunane Vågsøy, Selje og Eid (totalt 40 prosent). Selskapet har fire tilsette og flytta nyleg inn i nye kontor i Måløy sentrum.

– Utvalet har jobba seg ferdig, og no må vi modne ein del prosessar, seier Kåre Furnes.