– Vi registrerer også at Sogn og Fjordane imponerande nok, har høgast del sysselsette i aldersgruppa 15-74 år i landet med 72,4 prosent. Nærast oss kjem Oslo med 71,1 prosent, fortel Tore Thorsnes, direktør NAV Sogn og Fjordane.

Det er dei store tradisjonelle næringane som dreg lasset. Industri og reiseliv bidreg med til saman 130 nye medarbeidarar i tillegg til næringane nemnde innleiingsvis. På den andre sida held reduksjonen fram innanfor landbruk med 76 årsverk, som også er ein trend på landsnivå.

– Vi likar heller ikkje at finansiering/forsikring og forretningsmessig tenesteyting har eit fall på 103 medarbeidarar.  Desse bransjane tilbyr i stadig større grad tenester over nettet, som i sin tur gjev redusert behov for tilsette.  Dette er særleg uheldig i eit fylke der vi har underdekning på denne typen kompetansearbeidsplassar. På landsnivå er forretningsmessig tenesteyting ei vekstnæring med heile 4800 nye arbeidsplassar, som vi altså ikkje får del i. Likevel har Sogn og Fjordane samla sett ein vekst i sysselsettinga på 0,6 prosent, som er solid sett i høve til landet med berre 0,2 prosent. Krisa i oljebransjen må nok ta mykje av skulda for det svake landstalet, seier Thorsnes.