Bakteppet for samlinga er eit revidert kapittel i Opplæringslova, samt kritikken Eid kommune har fått for tidlegare ikkje å ha følgt opp mobbesaker slik som ein skal ifølge lova.

– Vi hadde ei sak i vår der det var nokre foreldre som meinte skulen ikkje handtert situasjonar for ein del ungar godt nok. Vi såg også sjølv at vi ikkje hadde følgt regelverket godt nok, fortel rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter.

Kritikken mot skulen og kommunen gjekk på at det ikkje hadde blitt oppretta såkalla enkeltvedtak ved skulen, altså mobbesaker, etter at foreldre hadde tatt kontakt og fortalt om mobbing. Eit enkeltvedtak inneheld ei konkret plan med tiltak for å stoppe mobbinga.

– No kom det eit nytt kapittel i Opplæringslova og då passa det godt å kalle saman alle dei tilsette som arbeider med barn og unge i kommunen for å sikre at ingen skal vere uvitne om korleis vi skal skape eit trygt skulemiljø. Samstundes var det viktig for oss å klargjere skulen, kommunen og fylkesmannen si rolle, seier rådmannen.

I tillegg til lærarar var leiarar i skulane, PPT, kommunelegen, helsestasjonen og andre aktørar som har oppgåver knytt til barn og unge til stades på samlinga i Operahuset.

Nulltoleranse

Representantar frå Fylkesmannen skal rundt i mange av kommunane i fylket for å gje ei innføring i det nye kapittelet i Opplæringslova. Utdanningsdirektør John Ole Vange sitt første besøk var lagt til Eid kommune.

– Denne veka skal vi ut i ti kommunar, og så har vi ein dialog med dei andre kommunane om eventuelle besøk utover hausten, fortel Vange.

Han seier hensikta med lovendringa, som tredde i kraft 1. august, er å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø.

– Éi mobbesak er ei for mykje. Etter revideringa er rettar og plikter plassert betre. Det er blant anna store forventingar til raskare behandling. Spesielle punkt i lova er lovfesta nulltoleranse for mobbing, og informasjons- og aktivitetsplikt når det blir sagt frå om, eller ein har mistanke om at eleven ikkje har det trygt og godt, forklarar utdanningsdirektøren.

Vange legg til at det nye kapittelet gir eleven sjølv ei sterkare stemme.

– Det viktige her er elevane si subjektive oppfatning. Føler eleven det slik, så er det slik.