– Eg vil få fram at alle reformene som blir tredd nedover hovudet på oss har ein uheldig verknad for oss i Sogn og Fjordane, seier Myklebust, og legg til:

– Samstundes vil eg få fram at vi har eit veldig godt næringsliv og veldig gode skular her i fylket.

– Det er kanskje litt rart å seie dette, men det kan bli for mange bablete rikspolitikarar i valkampen, seier programleiar Ingunn Solheim for NRK-programmet Debatten, til NRK Sogn og Fjordane.

– Vi skal la Høgre sin representant møte dei som meiner politireforma er på ville vegar, og vi skal la Trygve Slagsvold Vedum møte dei som er for kommunesamanslåing i fylket vårt, seier ho vidare.