Venstre er taparen i Eid kommune. Ein tilbakegang på 8,2 prosentpoeng gir partiet ein oppslutnad på 15,4 prosent.

Senterpartiet er, når 99,8 prosent av stemmene er talt opp, det største partiet med 31,9 prosent av stemmene. Dette er ein svak framgang på 0,4 prosentpoeng.

Regjeringspartia har begge auka oppslutnad i Eid. Høgre ender på 14,8 prosent, noko som er 4,3 prosentpoeng meir enn i 2013-valet. Framstegspartiet får 11,7 prosent av stemmene. Ein framgang på 0,7 prosentpoeng.

Her er Eid-resultata:

  • Senterpartiet: 31,9 prosent (+0,4)

  • Venstre: 15,4 prosent (-8,2)

  • Høgre: 14,8 prosent (+4,3)

  • Arbeidarpartiet: 14,1 prosent (+4,1)

  • Framstegspartiet: 11,7 prosent (+0,7)

  • Kristleg Folkeparti: 4,8 prosent (-3,4)

  • Sosialistisk Venstreparti: 4,3 prosent (+1,6)

  • Miljøpartiet dei Grøne: 1,7 prosent (+0,6)

  • Raudt: 0,8 prosent (+0,4)