– Vi folkevalde har ikkje teke ansvar. Kommunereforma kjem til å rulle vidare uansett. No må vi gjere det beste ut av det og byrje samtalar med Kinn, seier venstrepolitikar Åge Senneset.

Det er Firdaposten som melder denne saka.

Senneset er oppteken av bygdeutvikling og trur ikkje å stenge døra til naboane er vegen å gå.

– Å gjere det beste ut av det er ikkje å sitte i ro og vente til det til slutt kjem tvang. Og det kjem til å skje, før eller seinare. Du kan sjølv tenke deg korleis det ser ut frå regjerings- eller departementskontora, ein kommune beståande av to område som er fysisk skilt frå kvarandre. Det ser rart ut og er heller ikkje i tråd med intensjonane i kommunereforma, seier Senneset, som er fungerande gruppeleiar i Bremanger Venstre.

Han trur at Kinn med Bremanger på laget kan skape ein politisk tungvektar og viser til at 22.000 innbyggarar i Kinn kan representere kring 20 prosent av innbyggarane i heile fylket.

- Uansvarleg

Han meiner det er uansvarleg å ikkje skaffe seg kunnskap om konkret kva som kan ligge i potten for Bremanger. Når den kunnskapen ligg føre, kan ein ta endeleg stilling til det.

– Dersom det blir tvang og vilkåra for samanslåing berre blir dikterte, så har ikkje politikarane vore seg sitt ansvar bevisst. No har toget gått frå perrongen to gongar allereie og vi er ikkje med, seier Senneset som meiner inntrykket av alle i Bremanger er imot kommunereforma ikkje stemmer.

– Eg kjenner mange som er samde med meg. Veit vi eigentleg kva som er folkemeininga her? Det vart gjennomført nokre bygdemøte i 2015 i regi av rådmann Tom Joensen og Sp-ordførar Karl Vidar Førde. Så vart kring 300 personar ringde opp og bedde om å svare på kva dei meinte. Det er berre halvparten så mange som dei som ikkje nytta røysteretten sin i valet i år. Det har rent alvorleg mykje vatn ut i havet sidan utgreiinga i 2015, seier Senneset til Firdaposten.

- Vi må ta affære

Senneset minner om at Kinn no faktisk er ein realitet Bremanger ikkje kan oversjå.

– Vi må ta affære og forhandle og snakke med naboane våre no. No trur eg vi er i ferd med valde stor skade for våre eigne innbyggarar, seier han, og svarar ja på spørsmålet om dette er ei sak han vil ta opp i formannskap og kommunestyre.

– Det er kontroversielt, men det må gjerast.