– Toppåra våre var 2008-2009, då vi var oppe i kring 12 millionar kroner i omsetnad. Åra mellom 2013 og 2015 vart vi råka av nedkonjunktur i fiskerinæringa. I fjor vart eit greitt år, men vi har planar om vekst, og jobbar med fleire lovande kontraktar. Vi planlegg også nytilsettingar, seier Hagen.

– Vi skal ikkje vekse utan grenser, men ynskjer å bli større. Vi satsar no også i andre marknader enn fiskeri, både innanlands og internasjonalt. Vi skal ha fleire bein å stå på.

Henta tilbake frå Rolls Royce

Naval Consult ligg på Raudeberg i Vågsøy og tilbyr tenester innan prosjektering, teikning og oppfølging av nye båtar. Hovudsakleg har dei jobba med fiskefartøy frå 20 til 45 meter, samt brønnbåtar. Dei siste 20 åra har dei samarbeidd tett med Larsnes Mek. Verksted.

– Vi er to dyktige aktørar som får til veldig gode båtar saman, seier Hagen om samarbeidet.

Hagen vart tilsett som dagleg leiar 1. september i fjor, då han vart henta tilbake til Naval Consult etter fire år som prosjektleiar hjå Rolls Royce i Ulsteinvik.

I vår kjøpte han 60 prosent av aksjane av gründer Johan Kongsvik. Johan starta selskapet i 1983 og har no nådd pensjonsalder.

Kongsvik sit att med ein eigardel på 40 prosent og arbeider framleis i selskapet.

Ville satse i eige selskap

– Grunnen til at eg sa ja til å gå inn i dette, er at det over tid har modna fram eit ynske om å satse i eige selskap. Eg jobba i Naval Consult før eg byrja i Rolls Royce, seier Hagen.

Det siste prosjektet til Naval Consult er «Sander Andre», eit 38,65 meter langt snurpar-/snurrevadfartøy. Skroget er bygd i Polen og kom nyleg til Larsnes.

Reiknskapen for 2016 viser eit resultat før skatt på 869.000 kroner av ein omsetnad på 4,55 millionar kroner. I 2015 gjekk verksemda på ein resultatsmell og måtte bokføre eit tap på 2,4 millionar. Hagen og Kongsvik forklarer dette med naudsynte nedskrivingar, og ei generell opprydding i selskapet.

– Frå 2016 har det gått rett opp. Kvart tiande år er det ein topp i fiskerinæringa. Vi jobbar no for å byggje oss opp i andre marknader slik at vi kan ha ei meir stabil drift, då snakkar vi også om utlandet, seier Hagen, og nemner akvakultur som ein marknad der han trur det blir vekst dei næraste ti åra.

Sterkt kompetansemiljø i Vågsøy

Erlend Hagen meiner verksemdene Naval Consult, Seacon og Skipskompetanse samla gjer Vågsøy til eit av dei beste fagmiljøa innan skipsteknikk i landet.

– Vi ser ei god utvikling innan næringslivet i området her der fleire dreg vekslar på kvarandre. Vi har Teknopollen, og Måløy Maritime Group som er ute og marknadsfører miljøet. Vi går saman for å vise att i marknaden. Og det føler eg vi gjer, eg har ei kjensle av at det er attraktivt fagleg å kome hit og jobbe. Tidlegare var vi opptekne av å tilsette folk med lokal tilknyting for at dei skulle bli. Men no føler eg mange ynskjer seg hit av faglege grunnar, seier Hagen.

Han har nyleg tilsett Malene Denita Østgård frå Tønsberg som er sivilingeniør i marinteknikk frå NTNU.

– Eg kom hit i februar som nyutdanna, og trives veldig godt. Det er ein relevant fagleg jobb, og eg er blitt kjent med mange kjekke folk. Eg veit om fleire med bakgrunn frå sivilingeniørstudiar ved NTNU som har fått jobb her, seier Østgård, som har busett seg i Vedvik.

– Konkurransen skjerpar

Ifølgje Hagen er både Seacon og Skipskompetanse danna av personar med bakgrunn frå Naval Consult.

– Det må vi berre leve med. Konkurranse gjer at vi alle skjerpar oss. Og samla er vi sett på som det beste fagmiljøet i landet innanfor våre kundegrupper, seier Hagen.

Det er slike båtar Naval Consult prosjekterer.

Seacon hadde eit resultat før skatt på 2,85 millionar kroner av ein omsetnad på 10,4 millionar i 2016.

Skipskompetanse hadde eit årsresultat før skatt på 3,37 millionar av ein omsetnad på 17,4 millionar kroner.

Reiknskapen til Naval Consult for 2016 viser eit resultat før skatt på 869.000 kroner av ein omsetnad på 4,55 millionar kroner.