Eldsjelprisen går til personar og bedrifter som gjer ein ekstra innsats for eit meir inkluderande arbeidsliv. Prisen vart delt ut av Arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Eldsjelprisen til bedrift gjekk til Eid Elektro frå Nordfjordeid.

- Eid Elektro viser eit stort samfunnsengasjement ved å inkludere personar som av ulike årsaker har utfordringar med å kome inn i arbeidslivet. Bedrifta er også opptatt av å ta vare på og utvikle eigne tilsette, til å følgje opp sjukmelde, og til å ta imot lærlingar. Eid Elektro vert skildra som ei «veldig open bedrift» som finn kjappe og gode løysingar, heiter det i grunngjevinga.

Dagleg leiar Ove Kjøllesdal i tok mot prisen på vegne av Eid Elektro.

– Det er med stolheit at eg tar i mot denne prisen. Dette er eit resultat av godt samarbeid innad i bedrifta  og utad mot våre samarbeidspartar.  Dette hadde vi ikkje fått til åleine. Arbeidet med inkludering gir mykje til oss og dei som er inne på arbeidspraksis. Det handlar om å verdsette og å sette fokus på dei som treng det.  Hos oss har vi eit ope og godt arbeidsmiljø, og vektlegg god dialog internt og eksternt. Det er veldig motiverande å få Eldsjelpris. Ein slik pris inspirerer oss til å fortsette det gode arbeidet.

Den eine eldsjelprisen til person gjekk til Janne Steinhovden, som er HR-rådgivar i Fjord1. Den andre eldsjelprisen gjekk til Rune Øksenberg, som er butikksjef ved COOP EXTRA Bygg i Førde.

NAV Arbeidslivssenter gratulerer årets eldsjeler med den gjeve prisen!