– Bustyret har ikkje kome fram til ei løysing, så vi har ikkje ei endeleg avklaring på kva som skal skje. Vi håpar at tenesta skal fungere til over midten av neste veke, seier administrerande direktør, Inge Bent Arnestad i NoMil.

134 kommunar råka

Det var måndag kveld at RenoNorden vart slått konkurs. Selskapet har sidan sommaren 2014 stått for all søppelhenting, med unntak av glas og metall, i nordfjordkommunane Vågsøy, Eid, Selje, Bremanger, Hornindal, Gloppen og Stryn.

– Det er bustyrar som sit på nøkkelen. Mannskapet og bilane som har blitt brukt fram til no, og som skal brukast i neste veke, høyrer til RenoNorden, forklarar Arnestad.

RenoNorden har i lengre tid slite økonomisk. Renovasjonsselskapet si avtale med NoMil skulle vare til juni 2019.

– Vi håpar vi får ei snarleg avklaring slik at vi har noko konkret å jobbe med. Vi har fleire firma som er interesserte i å hjelpe oss med å få utført dei tenestene som vi treng for å få henta avfallet i ei fase framover, men vi har ikkje kome så langt at vi har gjort ei vurdering av dei ulike selskapa, samanfattar Arnestad.

Vil skåne abonnentane

Arnestad, som starta i jobben som administrerande direktør i august, seier ein i lengre tid har kjent til dei økonomiske utfordringane til RenoNorden.

– Burde ein ha lagt ein plan for ein konkurs tidlegare?

– Eg reknar med det har vore gjort ein god jobb i selskapet tidlegare. Eg såg i alle fall at renovasjonsbilane var i full drift på Sandane i dag tidleg. Eg er optimistisk til at vi skal finne ei god løysing for abonnentane.