Foto: FjT-tipsar

Foto: FjT-tipsar

Køyrde ut på dødsstrekninga

Ny støypekant berga bilen.

Rundt klokka 17 i går mottok FjT fleire tips om ein bil som hadde hamna på støypekanten langs fylkesveg 618 i Selje. Dette er langs den same strekninga kor to ungdommar køyrde av vegen og omkom i november 2015.

- Eg er sikker på at denne bilen hadde hamna i sjøen dersom det ikkje var for støypekanten, seier ein av dei forbipasserande tipsarane til FjT.

Det har her blitt bygd opp ein høgare støypekant etter ulukka i 2015.

Ein annan tipsar seier at møtte bilen like etter klokka 17 fredag, og slakka ned då dei såg varseltrekanten.

- Vi såg først bilen, to menn, to damer og ein siste person som var i telefonen. Det var ingen nødetatar på staden då, men det såg ut som at det heldigvis gjekk bra med alle saman.

Tipsaren legg til at dei møtte ein bergingsbil på vegen rundt 20 minutt etter forbipassering.

Politiet var ikkje kjend med uhellet då FjT kontakta dei i går kveld.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå