Ei utbygging av Bredvatn kraftverk i Bremanger vil gi meir regulerbar kraft, meir fleksibel produksjon og styrka verdiskaping, meiner dei.

SFE Produksjon AS fekk i statsråd fredag løyve til å utvide kraftverket i Åskåra i Bremanger ved å bygge Bredvatn kraftverk og regulere Øvre Bredvatn.

Bredvatna ligg i same del av vassdraget som vart regulert i samband med Åskåra kraftverk på 1970-talet. Bredvatn kraftverk vil produsere om lag 275 gigawattimar (GWh) energi. Produksjonsauken tilsvarar straumforbruket til rundt 3.400 husstandar.

– Utbygginga vil utvilsamt styrke SFE, og medfører i tillegg viktige inntekter for Bremanger der utbygginga er lokalisert. Vi har sett ei offensiv satsing i kraftselskapa i Sogn og Fjordane dei seinare åra, seier Frida Melvær (H) og Lars-Svein Drabløs (Frp), som er glad for at biologisk mangfald og natur- og friluftsinteresser har blitt vurdert nøye i samband med tildelinga.

Dei meiner å sjå at kraftselskapa tek desse spørsmåla på alvor i dag.