– Brukar du refleks er det mykje mindre risiko for å hamne i ei ulykke. Refleks reddar liv, seier distriktsleiar Audun Heggestad i Trygg Trafikk Sogn og Fjordane.

Torsdag 19. oktober kjem Trygg Trafikk til Måløy og Eid vidaregåaande skular for å markere Refleksdagen. Markeringa skjer i samarbeid med fylkeskommunen, politiet, Statens vegvesen og LO.

– Målgruppa vert spesielt ungdom som vi veit ferdast mykje ute i mørket, heiter det i ei pressemelding.

Også andre stadar i fylket vert det også markeringar med LO som i Årdal og Sogndal.

Berre to sekund

Ei ny undersøking gjennomført av Kantar TNS på vegne av Trygg Trafikk og SpareBank 1 har spurt kor mange av oss som har opplevd nesten ulykker i trafikken. Tala er skremmande: 38 prosent av bilførarane på Sørlandet og Vestlandet seier dei har opplevd å nesten køyre på ein fotgjengar dei ikkje kunne sjå i mørket.

– Går du utan refleks i mørket vil ein bilist i 50 km/t berre ha to sekund på å oppdage deg. Brukar du refleks har bilisten 10 sekund på seg. Det seier seg sjølv at det kan redde liv, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk

Små marginar

Undersøkinga har også spurd nordmenn om dei brukar refleks og kor ofte. Sju av ti seier dei alltid eller ofte brukar refleks. Det er berre eitt problem: Det er ikkje sant. Fysiske teljingar utført av Trygg Trafikk viser nemleg at berre fire av ti faktisk brukar refleks.

–  Det er små marginar mellom ei nestenulykke og det som kan bli ei alvorleg ulykke. Refleks er ei billig livsforsikring som kan være avgjerande. Bruk nokre minutt på Refleksdagen 19. oktober til å feste refleks på jakker og vesker så er du synleg i mørket, seier Heggestad

Sørg for å bli sett

Fotgjengarane på si side har liknande opplevingar. På Sørlandet og Vestlandet har 40 prosent av dei gåande opplevd å nesten bli påkøyrd av bilistar eller syklistar når dei ferdast i mørket.

– Bilistar og syklistar har sjølvsagt eit stort ansvar for å unngå å køyre på folk, men du må også sjølv gje bilistane ein sjanse til å oppdage deg i mørket. Sjølv om bilføraren køyrer forsvarleg og med flyt kan det vere vanskeleg å sjå folk som går utan refleks i mørket.