– Det er per i dag ikkje eit slikt leilegheitsbygg på Raudeberg. Vi trur og håpar at marknaden for dette er til stades her, fortel dagleg leiar Jon Edgar Johnsen i Måløy Byggservice AS.

Frå 75 til 135 kvadrat

Verksemda har fått med seg arkitekt Roy Husevåg på prosjektet som inneber å lage seks leilegheiter, frå 75 til 135 kvadrat, i lokala på Raudeberg.

– Dette blir dei første leilegheitene på kaia her. Prosjektet har to delar. Den eldre delen, den gamle sjøbua frå før krigen, der butikklokalet er per i dag, og den nye delen, trelastlageret frå 90-talet. I den eldre delen vil vi prøve å bevare ein del gamle detaljar. Her blir det laft og grindbygg i samspel med det nye, seier Husevåg.

Dagleg leiar Jon Edgar Johnsen i Måløy Byggservice AS (f.v.), arkitekt Roy Husevåg og Trond Myrestrand i Måløy Byggservice AS viser fram planane laurdag.

Leilegheitsbygget, som har fått namnet Vikja, skal bestå av tre etasjar. I første etasje blir det parkering i trelastlageret, eit stort fellesarealet i sjøbua mot sjøen, sportsbuer i midten av bygget og eit fellesareal til mot vegen.

– Fellesarealet mot sjøen vil vi halde litt grovt. Her har ein utgang mot kaia og det vil vere ideelt for til dømes krabbefestar og samlingar. I fellesarealet mot vegen kan ein anten ha eit forsamlingsareal som sameiget kan leige ut, eller ein kan lage til eit innvendig leikeareal eller ein møteplass for eldre, forklarar Trond Myrestrand i Måløy Byggservice.

I andre etasje blir det fire leilegheiter – to i dagens trelastlager og to i sjøbua. På toppen blir det to leilegheiter.

– I leilegheitsbygget blir det heis, og i alle leilegheitene er det moglegheit for å installere velferdsteknologi, understrekar Johnsen

– Mykje fellesareal

I tillegg til fellesareal inne i leilegheitsbygget er det planar om blant anna ein innegjerda leikeplass i tilknyting til bygget. Denne er tenkt i framkant av dagens bygg, mot vegen.

– Det at her blir så mykje gode fellesareal er kanskje det mest spesielle med bygget. Her blir eit stort skjerma uteområde med eigen leikeplass. Dette blir isolert frå trafikkstøyen med eit lydabsorberande gjerde, forklarar arkitekt Husevåg.

Slik vil leilegheitsprosjektet Vikja sjå ut frå sjøsida. I overgangen mellom sjøbua og dagens trelastlager vil det vere glastak som gir dagslys ned på parkeringsarealet i første etasje.

Initiativtakarane i Måløy Byggservice AS fortel at trafikkstøyen er meir utfordrande enn lyd frå skipsverftet Stadyard, som er næraste nabo.

– Det er mykje fokus på støy frå verftet, men vi er her nesten kvar dag og jobbar, og vi høyrer nesten ingenting. Men for å vere sikre har vi lagt inn få, men lydisolerte vindauge mot verftet, forklarar Myrestrand, som legg til at det blir lydisolerande vindauge i heile bygget.

Viser fram Vikja

Laurdag, under arrangementet Heim i Haust på Raudeberg, vil det bli høve for publikum å sjå seg rundt i lokala som skal bli leilegheiter. Der vil det også vere mogleg å teikne seg som interessentar til prosjektet.

– Dette er første gang vi presenterer prosjektet i marknaden. Vi håpar sjølvsagt på stor interesse, sidan vi må selje eit par leilegheiter før vi kan setje i gang med bygginga, forklarar Johnsen.

Slik er planane for dei to leilegheitene i tredje etasje. Begge leilegheitene skal ha to soverom og balkong. Leilegheit nummer 6 er 135 kvadratmeter, leilegheit 5 er 110.

Ny regulering for området er gjennomført og vedtatt, og Johnsen fortel at når dei har nok interessentar og finansiering på plass, vil dei byggemelde prosjektet.

– Vi må tru at vi kan byrje bygginga i løpet av neste år. Men forhåpentlegvis så raskt som mogleg.

Johnsen håpar dette kan vere starten på ei opprusting av sentrum på Raudeberg.

– Vi har ein del eldre bygningsmasse her, så det hadde gjort seg med ei opprusting.