– Etter å ha gitt ungdomar og foreldre advarslar både gjennom sosiale media og andlet til andlet, har vi den siste tida fortsatt å motta klager på villmannskøyring med trimma mopedar, spesielt i ytre Bremanger, skriv Bremanger lensmannskontor i eit Facebook-innlegg.

Difor la dei om tenesta i går, lånte seg ein sivil politibil, og køyrde kveldsset i ytre Bremanger med fleire gjeremål, men med mellom anna kontroll av mopedistar for auge.

– Det er nemlig slik at når patruljebilen kjem seg gjennom Oldeidstunnelen, so veit ungdomane i ytre at politiet er på veg før vi når Struen. Og da står dei trimma mopedane parkert ein eller anna stad. I går kom vi nesten til Grotle før vi møtte ein mopedist i noko stor fart. Den sivile politibilen vart ikkje so sivil lenger etter at vi snudde for å stoppe mopeden. Før vi hadde snudd var mopeden fleire hundre meter vekk i ein valdsam fart. Vi fulgte eit stykke i eit tempo vi meinte var forsvarleg, men bilen vår køyrer korkje ut på kaikantar eller over grasplener, so mopedisten forsvann. Anslått hastigheit er ikkje under 90 kilometer i timen, heiter det i innlegget.

– At vi ikkje set etter mopedane i ei slik fart på tronge veger i Ytre Bremanger er enkelt å grunngje med at vi er redd det skal gå alvorleg gale. Det vil antakelig berre trigge føraren.

– Det verste scenario vi ser for oss i ein slik fart på eit køyretøy som ikkje er konstruert for det, er ein ung førar som køyrar i hjel eit barn, eller skadar seg sjølve eller andre på vegen. Aller verst om det skulle vere på flukt frå politiet berre fordi han ikkje vil vise sin trimma moped.

Politiet kjem med ei oppmodning:

– Til dei foreldra som har ungdom med moped ber eg om at dere vert mer offensive. Det held ikkje alltid med at ungdomen sjølve seier han ikkje har trimma mopeden når vi veit at aksept i kameratgjengen ofte vegar tyngre enn kva foreldra seier. Dere må ut og sjekke at mopedane ikke går opp i 50 kilometer i timen som er maks tillatte hastigheit for dette køyretøyet.

– Og er dokke i tvil om at ungdomen ikkje gjer som dokke seier, so ber eg dokke selge mopeden. For då har ungdomen ikkje noko på ein to-hjuling å gjere før han vert vaksen i hovudet.

– Til dokke som klagar på villmannskøyringa dokke er vitne til ganske ofte, so ber eg om forståelse for at vi ikkje alltid klarar å levere eitt resultat. Men eg ber om at dersom dokke ser denne køyringa, so prøv å gi oss eit registreringsnummer på mopedane. Det vil hjelpe oss mykje.